Fana - Os SMJ 13 1-5
Søndag 13.06. vann Os SMJ13 1-5 borte mot Fana på Nesttun.
Søndag 13.06.10 kl. 14.00 spelte Os SMJ13 borte mot Fana 1 på Nesttun. Det vart ein veldig ujevn kamp, der Os-jentene dominerte heile kampen. Alt frå første spark på ballen tok jentene iniativet, og førte kampen gjennom. Det var mange misbrukte sjanser gjennom første omgang, men til slutt vart det scora eit mål som suste i mål bak Fanas gode målvakt. Jentene spelte god fotball med fine gjennomløp, men dei var litt forsiktige innanfor motstanders 16-meter. Den eine angrepet rulla etter det andre rulla mot Fana, men det stod 0-1 til pause. Keeperen vår var borti ballen ein gong i løpet av omgangen, og det fortel ein del. Andre omgang starta på same måte, og det tok ikkje lang tid før det stod 0-2. Deretter tok jentene ein liten pause virka det som, for Fana hadde eit av sine få angrep og reduserte til 1-2. Jentene tok seg saman, og fortsatte overtaket med fleire flotte angrep med fine overganger på begge sidene. Målene kom etterkvart, og jentene vann 1-5 til slutt. Trenarane vil gje honnør til jentene, at dei stod på heile kampen gjennom og spelte god fotball kampen gjennom. Jentene har litt å gå på innanfor 16-meteren til motstanderen. Bli tøffare og meir aggressiv, så kjem det fleire mål. FLOTT KAMP, jenter. Neste kamp: søndag 20.06.10 kl. 18.00 mot Gneist 2 på Kuventræ 01 kunstgras.
 










Sparebanken Vest