Os - Varegg/Sandviken J13
Os J13 spelte kamp mot Varegg/Sandviken mandag 31.05.kl. 19.00. Laget vann 3-2 til slutt i ein jevn kamp.
Laget har 3 uavgjort, 2 seire og 1 tap så langt i sesongen. Alle kampane har vore jevne, og jentene har heva seg frå kamp til kamp. 2 kamper gjenstår på vår-sesongen.

Os åpna kampen veldig bra, og fekk eit overtak i første del av 1.omgang. Os gjekk opp til 1-0, men det gjekk ikkje lenge før det blei 1-1. Omgangen var ganske jevn, men Os hadde betre spel med gode pasninger som traff medspelar og fine gjennomløp mot mål. Diverre blei det nokre offside-avblåsinger, men snart lærer jentene å lura offsiden.

Andre omgang åpna også med eit overtak for Os, og spelet satt godt med fleire gode pasninger i laget. Varegg/Sandviken hadde nokre fysisk sterke spelarar med godt tilslag på ballen, som slo ballen langt framover over midtbanen for å nå spissane. Dette klarte Os å demma opp for, med eit godt forsvar. Os gjekk raskt opp til 2-1, og så til 3-1, og like etter hadde jentene ein stor sjanse til å punktera kampen med 4-1, men spelaren var litt uheldig med treffet på ballen og ballen trilla like utanfor.

Varegg/Sandviken fekk ein redusering til 3-2, men Os stod mot presset og kampen slutta med det slutt-resultatet. Os J13, dette lovar bra for resten av sesongen. FLOTT INNSATS.
 










Sparebanken Vest